Velkomen til godheit i sentrum

2. juni 2018 - ein dag der mange 12-åringar får møtast og gjere kjekke ting i lag og samtidig gleda nokon andre med det!

«Godheit i sentrum» er eit truopplæringstiltaket for alle barn fødd i 2006. Fokuset denne lørdagen er å vise godheit til folk i Os sentrum!

Dette er ei samling der vi snakkar om tema godleik og der vi har det kjekt saman. Vi skal ete ein god lunsj saman midt på dagen.
Etter lunsj skal vi ut i Os sentrum for å vise godleik mot menneska vi møter der.